Vedtekter SVK

Din overskrift

Vedtekter

VEDTEKTER  FOR

SUNNFJORD  VETERANVOGN  KLUBB

Skipa 23. mars 1979.

Vedteke på årsmøte 14. januar 1984. + seinare endringar.

 


1. Klubben sitt namn.

Namnet skal vere Sunnfjord Veteranvogn Klubb.

2. Formål.

Klubben skal vere til nytte og hygge, og skal arbeide for, og stimulere til:

-     Å oppspore, sikre/ta vare på, og sette i stand motorhistoriske objekt, (primært køyretøy), samt historikk, miljø og anna med naturleg tilknyting, som er, eller kan verte, av teknisk/ historisk/ lokalhistorisk interesse.

-     Å skape eit godt miljø i klubben, kring køyretøya og for det klubben elles arbeidar for.

-     Tidsriktighet og originalitet.

-     Å auke og spreie kunnskapar og interesse for det klubben arbeidar for.

-     Å arrangere møter, turar, løp og andre arrangement, og vere med i arrangement som klubben finn formålstenleg for klubben, klubben sine medlemmer med familiar, og andre interesserte.

-     Å unngå negative konsekvensar for miljøet og enkeltmennesket si helse, og arbeide for allmenn tryggleik.

3. Reset.

Klubben sin verkstad, garasjar, uteareal og øvrige anlegg på Reset (Smia) står til medlemmene sin disposisjon for å utøve klubben sitt formål. Drifta av Smia skal prioritere restaurering av historiske køyretøy (eldre enn 20 år). Langtidslagring (lagring lenger enn 6 mnd utan at det foregår restaurering) av objekt, deler og utstyr skal nedprioriterast i høve til restaureringsformål. Styret kan etter vurdering doble leiga kvart halvår for langtidslagring, dersom slik lagring er i konflikt med formålet å restaurere.

4. Medlemmer og medlemskontingent.

Personar og juridiske personar som er eigarar av, eller har interesse for det klubben arbeider for, kan bli medlemmer.

Ein kan teikne familiemedlemskap der foreldre og born med samme bustadadresse er fullverdige medlemmer med samme rettar og plikter som ordinære medlemmer.

Ein vert registrert som medlem frå den dato ein betalar inn medlemskontingenten første gong.

Kontingenten gjeld heile kalenderåret.

Ved innmelding i november og desember gjeld kontingenten også ut året etter, med eventuell inn-/utbetaling av kontingentendring.

Medlemskontingenten forfell til betaling straks etter årsmøtet.

Den som ikkje har betalt innan 1. kvartal vert stroken som medlem.

Styret er friteke for kontingentinnbetaling for dekning av udokumenterte utgifter, som vert å føre som utgift for klubben.

Årsmøtet skal kvart år fastsette kontingenten og eventuell innmeldingskontingent med simpelt fleirtal.

Ein står som medlem til ein melder frå til sekretæren at ein melder seg ut, eller let vere å betale kontingenten etter purring ved utgangen av 1. kvartal, eller vert ekskludert som medlem.

Styret kan ekskludere eit medlem som er til skade for, eller motarbeider klubben sine interesser.

Eksklusjon gjort av styret kan krevjast overprøvd av Årsmøtet.

For eksklusjon skal styret vere fulltalig og einstemmig.

Av Årsmøtet krevst det kvalifisert (2/3) fleirtal.

Etter innstilling frå styret kan Årsmøtet med kvalifisert fleirtal utnemne Æresmedlemmer.

5. Årsmøte.

Ordinært Årsmøte skal haldast innan første mars.

Ekstraordinært Årsmøte skal haldast om styret finn grunn til det, eller om 1/4 av medlemmene krev det.

Styret bestemmer tid og stad for Årsmøtet, som skal samankallast med minst 14 dagars varsel.

Årsmøtet kan berre stemme over saker som er nemnde i sakslista.

Medlemmer kan krevje saker medtekne i sakslista og behandla på ordinært Årsmøte, dersom sakene er sendt skriftleg til styret minst ein månad før Årsmøtet.

I rimeleg tid før Årsmøtet skal styret sende til medlemmene:

Styret si årsmelding, revidert rekneskap og materialliste, valnemnda sitt forslag og sakslista.

På ordinært årsmøte skal behandlast:

-     Innkallinga.

-     Val av møteleiar og to til å skrive under protokollen.

-     Revidert rekneskap.

-     Styret si årsmelding.

-     Medlemskontingent, innmeldingskontingent og prisar i Smia.

-     Andre saker på sakslista.

-     Val under leiing av formannen i valnemnda, om ikkje anna vert bestemt.

Årsmøtet vel:

-     Styre samansett av:

--    Formann.

--    Nestformann/redaktør.

--    Sekretær.

--    Kasserar.

--    Smieformann.

--    Styret skal veljast direkte til postane av Årsmøtet.

Formann står på val kvart år.

Dei andre styremedlemmene er delt i to grupper. Kvar gruppe står på valg annankvart år.

Etter loddtrekking er gruppene slik: Nestform./Kasserar og Sekretær/Smieformann.

-     2. vararepresentant til styret.

Formann i løpskom. for komande Firdaløp/Valnemnd for dette Årsmøtet skal vere 1. vararep. til styret.

-     Revisor.

-     Kombinert valnemnd for neste Årsmøte og løpskomite for Firdaløpet året etter.

Nemnda skal minst ha tre medlemmer, der minst ein skal ha vore med i den avgåande nemnda.

Nemnda konstituerer seg sjølv.

Løpskomiteen kan peike ut medlemmer til å hjelpe til med å avvikle løpet.

-     Forsikringskomite med to medlemer, og ein vararepresentant.

-     Dersom Årsmøtet finn det nødvendig kan dei velje ein eller fleire til spesielle oppgåver.

Der ikkje anna er bestemt, er det nok med simpelt fleirtal.

6. Rekneskap/arbeidsår.

Rekneskapsåret fylgjer kalenderåret, og arbeidsåret perioden mellom to Årsmøte.

7. Styret.

Styret har fullmakt til å avgjere og sette i verk, innafor klubben sine vedtekter, alt som ikkje skal avgjerast av Årsmøtet.

Vesentlege kjøp og sal, og nye avtaler som bind klubben over fleire år, eller kan føre til risiko eller ansvar for klubben, skal styret ha fullmakt frå Årsmøtet for å utføre.

Styret er vedtaksført når minst 3/4 av styremedlemmene er til stades.

For vedtak krevst simpelt fleirtal av fulltalig styre.

Ved same stemmetal har formannen dobbeltstemme.

Saker som ikkje er handsama av styret skal takast opp med flest mogeleg styremedlemmer før avgjerd vert teke.

Formell styrehandsaming og protokollførsel skal skje på førstkomande styremøte.

Formannen og/eller kasseraren teiknar klubben.

Formannen kallar saman til styremøter når han finn det nødvendig, eller eit styremedlem ber om det.

Styret kan utnemne medlemmer til spesielle oppgåver.

Styret skal godkjenne Løpskomiteen sitt forslag til Firdaløpet.

1. vararepr. har møteplikt til styremøte fram til 1. eller 2. styremøte etter Firdaløpet.

Styret bestemmer tid og stad for medlemsmøter og andre arrangement i klubben sin regi.

Det skal førast protokoll frå styre- og medlemsmøter og arrangement.

8. Vedtektsendringar.

Ordinært eller ekstraordinært Årsmøte kan endre vedtekter med kvalifisert fleirtal når vedtektsendringar er varsla i sakslista.

9. Oppløysing av klubben.

Klubben kan oppløysast når to påfølgjande ordinære Årsmøte vedtek dette med kvalifisert fleirtal, når minst 1/3 av medlemmene er til stades, og varsel om mogeleg oppløysing er utsendt minst 14 dagar i forvegen.

Det Årsmøtet som bestemmer oppløysing skal med simpelt fleirtal avgjere kva som skal skje med klubben sine eigendelar.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.06 | 09:05
Firdaløpet har mottatt 15
13.11 | 07:04
Framside har mottatt 31
02.10 | 19:24
Kontakt oss har mottatt 2
13.05 | 18:36
Bilder har mottatt 1
Du liker denne siden