SVK - Nytt

Nyheiter frå SVK

VÅRMØNSTRING

VÅRMØNSTRING 
11  .04.12

Tid 
:  Kl 11.00
Stad: BILTEMA

Klubben inviterer til "vårslepp"

lørdag 28.april på Biltema-Førde.

Vi  satser på godt ver denne dagen, ettersom vi er veldig ,veldig klare for ein  ny "veteran sesong".
Det blir cruising etterpå ,til ein kafe i nærleiken..........

Vi tar forbehold om godt ver. Vi sender ut SMS når det nærmar seg.

SJÅ BILDER FRÅ ÅRETS TREFF:
FIRDA reportasje   
her

Sjå bilder frå fjoråret i Firda reportasje
 her




Vel Gjennomført Årsmøte

Årsmøte vart i år avhalde i klubblokala på Kronborg.Dette som ein prøveordning,ettersom desse lokala passar ganske godt til vårt bruk.Heile 30 medlemmar møtte fram i år,og det er fleire enn på mange år.Det var kjekt !!!
Etter at dei faste årsmøtesakene var gjennomgått og godkjende, vart det etter ein matpause høve til å sjå bilder frå klubbens første år.Kjell Ottar Åsen viste oss mange flotte bilder frå slutten av -70 tallet,og frem over mot nyare tider.
Bilda kan ein finne på Nett albummet til SVK.




Årsmøte

Årsmøte:    Fredag 16. mars 06.03.12

Tid :    kl 19.00
Stad:   Klubblokala på Kronborg.
(møterommet til Elektroskandia)
      

Inkalling og sakliste er anonnsert i Årsheftet Grindaguten som du har motatt denne veka.

Enkel servering:
Kaffi og kake,samt Pizza med noko å drikke til.
Etter årsmøtet vert det anledning til å mimre litt ,ettersom Kjell Ottar har scannet biletsamlinga si frå hine hårde dager.



Grindaguten er klar for utsendelse

Medlemsmøte:      LØRDAG 3.mars
29.02.12

Det vert lansering av årets GRINDAGUTEN-Årshefte 2011.

Tid : kl 12.00
Stad :Klubblokala på Kronborg
Møt opp og slå av ein prat over ein kaffikopp.




Årsmøte:
   Fredag 16. mars

Tid :    kl 19.00
Stad:   Klubblokala på Kronborg.

Inkalling og sakliste er anonnsert i Årsheftet Grindaguten .





Nye "gamle" bilder :

Nye bilder er lagt ut på albummet:    18.02.12


Kjell Ottar Åsen har lagt ut bilder frå det 1. Firdaløpet i 1979

Du finn bilda her: klikk på linken
 
https://picasaweb.google.com/Smieposten


Håper Kjell kan ta ein liten gjennomgang av bilda på Årsmøtet,for dette er verkeleg nostalgiske bilder frå klubbens første år.



Larkin Poe

Sjå fjorårets Firdaløpsvinnar i denne musikkvideoen frå
 Larkin Poe:

Sjekk ut denne linken: http://youtu.be/F0kHPjZfaWc

 


Official music video for the song "Play On", the single from Larkin Poe's first full-length studio album, Thick As Thieves, to be released Summer 2012.

Camera Operators: Sølve Sæther and Carsten Aniksdal
Editing & Production: Johan Moen

Special thanks to Askvoll Kommune, www.Fjordkysten.no, Synne & Einar Alsaker (of the Sunnfjord Geo Center in Stongfjorden, Norway), and Erling Paul Eikemo.



Medlemsmøte

Medlemsmøte 15.02.            05.02.12

Vi prøver å dra i gang nokre medlemsmøter fremover.

Første møte:Onsdag 15.02 kl 19.00 på klubblokale Kronborg




Opplev drømmebilen på Techno Classica -Essen-

Techno-Classica Essen –  2012
 
World Show for Vintage, Classic and Prestige Automobiles,

Motorsport,Motorcycles,
Spare Parts and Restauration– World Club Meeting –

SVK har fått innvitasjon til å vere med på tur,
og kan formiddle kontakt,hvis dette er noko for deg.

Sjekk ut på linken under:

http://www.siha.de/tce_uk.php?m=1&ms=1









Medlemsmøter

Medlemsmøte 31.01.

Vi prøver å dra i gang nokre medlemsmøter fremover.

Første møte:Tirsdag 31.01 kl 19.00 på klubblokale Kronborg







GrindaGuten-årshefte 2011

Hei gode SVK`ara                     03.01.12

På tide å setje seg ned og lage ditt bidrag til GG 2011.!!!
Styret oppfordrer medlemane til å sende inn ein reportasje og bilder frå fjorårets treff og veteranløp.Ta det nå ,ikkje vent for lenge......det er berre å hive seg rundt . Send dette til:

Redaktør: Knut Øyvind Åsen , Mob: 951 98 515
e-post:
ko-aasen@enivest.net

eller 

Formann :Kurt Magne Hellenes , Mob: 952 36 232
e-post:
kumagn@online.no





Oppdatering av medlemsmatrikkel

Det er tid for å oppdatere medlemsmatrikkel
og registrerte køyretøy i SVK pr 2011

Her kjem ein oppfordring til alle medlemmar om å sjekke status i Grindaguten nr 33 og melde inn alle endringar .Er køyretøy kjøpt/solgt/avskilta/nye kjennemerke o.l. er dette greit å få retta opp.

Kan du samtidig sjekke om adresse og mobilnummer  er riktig registrert i matrikkel.

Alle endringar sendes på mail til:

Bjarne Øyra   :           oeyra@online.no






Klubbkveldar

Klubbkveldar  i haust      09.09.11


Vi startar opp med medlemsmøter i klubblokala på Kronborg og Reset.

Vi prøver å få til medlemsmøter kvar 14.dag fram mot jul.
Vi vil også prøve å få til nokre Dugnadar.Vi kjem tilbake til dato`ar
Vi prøver å sende ut  SMS som påminning.

Onsdag:   14.09   på Reset
Onsdag:   28.09   på Kronborg
Onsdag:   12.10   på Reset
Onsdag:   26.10   på Kronborg
Onsdag:   09.11   på Kronborg
Torsdag:  24.11   på Kronborg

Neste møte er er ikkje bestemt,så følg med.......







KØYRETØY HISTORISK KLUBB VOSS FYLLER 30 ÅR!  18.08.11

Me er verkeleg veteranar – 6. oktober 2011!

Dette ynskjer me å markera og inviterer til feiring l aurdag 10. til sundag 11. september 2011

Laurdag 10. september kl 11:00

Me møtest på Voss folkemuseum (Mølster), laurdag føremiddag kl 11:00.

Drøser litt om gamle dagar. Servering av fingermat før felles avreise kl 13:00.

Turen er uformell, det er såleis ikkje noko løp med postar etc.. Me køyrer i kortesje på gamle nostalgiske vegar rundt om kring i bygda.

Me endar til slutt opp på Stalheim Hotel. Etter innsjekk på hotellet tek me ein spasertur ned til Sivlesteinen der det vert servert velkomst/forfriskningar og ynskjer velkomen til jubileum.  Me går til bords kl 19:00

Festmiddag og sosialt samvere – dans ut i dei små timar.  

Sundag 11. september
Frukost og deretter vandring i museet på Stalheim.

Avreise 

Festmiddag og overnatting:

Festmiddag Stalheim Hotel + overnatting + frukost kr: 700,- per pers i dobbelt rom. 150,- tillegg for enkeltrom. Born under 16 år halv pris. Born under 5 år gratis.  

SNARLEG PÅMELDING og  helst innan 15. august!

Sekretæren ynskjer melding frå dei som melder seg på, slik at me har antal overnatting- og middagsgjester!

Send  SMS  på  97148895  eller e-post rk.traa@online.no .

 

Me har nokre påmelde allereie, så ver gild og meld deg/dykk snarast J  

BESTILLING DIREKTE til Stalheim Hotel 

på e-post info@stalheim.com eller på telefon 56520122

  Venleg helsing
Ruth Kristin T. Trå
sekretær

Køyretøy Historisk Klubb Voss
Org. nr. 993923419
Postboks 408
5702  VOSS
E-post:
rk.traa@online.no
Heimeside: http://www.khkv.no/




 




NOSTALGIA I FLORØ  20.08.11

Lørdag, 27 August 2011 frå kl 10.00

Eit treff i bygatene for alle som har sans for veteranbilar. Garantert avslappa og nostalgisk stemning på bytorget.
Sted : Florø sentrum
Kontakt : Sander Ødelien






Sandane Grand Prix

Søndag 21.august går det tradisjonsrike veteranbilløpet Sandane Grand Prix av stabelen. Løpet er kjent som ein av det trivligaste løpet å være med på for veteranfolk i fjordfylket, og i år satsar vi på å få nokre bilar frå Storfjorden Veteranvognklubb på Sunnmøre også, om været vert nokolunde lagleg.

Som alltid legg arrangørane, Odd Svendsen og styret av Sandane-dagane, æra si i å lage til eit løp som skal være både interesant og hyggeleg å være med på. Oppmøte vert i Sandane sentrum kl.11.00, løpet starar kl.12.00. Vi legg opp til ei runde langs Gloppefjorden, og i år satsar vi på å gjere litt om på postane, slik at ventetida på postane vert kutta noko ned.

Etter gjennomført løp vert det servering av kaffi og noko å bite i frå det lokale bakeriet, og det vert god tid til å prate med andre som har veteranbil som hobby og interesse.

Sidan Sandane Grand Prix også er ein del av Sandane-dagane, blir det ei rekkje aktivitetar i sentrum denne søndagen.

Vi satsar å sjå flest mogleg på Sandane under Sandane-dagane. Veteranvognløpet garanterer vi blir ei hyggjestund også i år. Alle som deltek får - som alltid - premie.



Innbyding til veteranvogntreff i Utvik i Nordfjord !

 

Vi har den glede å innby alle eigarar av veterankøyretøy til treff i Utvik
sentrum under Sommardagane 2011.

• Set av laurdag den 30. juli i år til å vere med på dette!
• Vi sig inn til oppstillingsplassen ved skulen/kyrkja laurdag kl. 12.00
• Eit stort folkeliv med mange aktivitetar møter oss i Utvik denne dagen!
• Det vert lagt opp til ein rundtur med køyretøya i karavane.
Spørsmålspostar undervegs!
• Samling og premiering.
• Startkontingent kr. 100
• Vi samarbeider med komiteen for Sommardagane om arrangementet, og trur på suksess!


Det koselege Utvik sentrum presenterer seg på beste måten med opne
kafear, servering, underhaldning, fiskekonkurranse m.m. Bryggjedans om kvelden! 
 

Med helsing minikomiteen

Per Ove Reme, tel. 95869290, e-post poreme@online.no

Odd Svendsen, tel. 95237410, e-post sigrid.svensen@enivest.net    

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål!



Skjærgardstreff i Askvoll 22-24 juli

SVK er invitert til veterankøyretøy paraden på årets Skjærgardstreff i Askvoll.
Veterankøyretøyparaden er søndag 24 juli.
Start kl 14.00 frå Askvoll Skule.

Vi satsar på felles avreise frå Førde Kroa.
Oppmøte kl 11.00. Avreise 11.30.(med forbehold om endringar)




18.06.11
Dagens glade vinnar av Firdaløpet 2011:
Erling Paul Eikemo frå Holmedal med sin 59-Cadillac
.

                   

FIRDALØPET 2011:

Dagens 33.Firdaløp er no historie,og det vart eit vellukka og flott arrangement.
Ruta Førde-Bygstad-Sande-Førde var ein flott opplevelse i det fine  sommarveret.Den var passe lang,og det var fint med ein lunsj pause ved Tønna i Bygstad.Fiskesuppa dei serverte der smakte fortreffelig.Eg trur alle kosa seg i fine veret.
Det var faretruande nær nokre regnbyger undervegs,men vi gikk akkurat klar, så betre kunne vi ikkje få det. Det var ca 70 startande køyretøy i år,som er litt færre enn det har vore dei siste åra.Om det var det utrygge været ,eller dei mange andre arrangementa denne dagen som var årsaka til nedgangen ,vites ikkje.
Det var nok mange erfarne Firdaløpsdeltakara, også i år,men det var i allefall kjekt å observere mange nye ansikt og nye køyretøy som hadde tatt turen til Førde denne dagen.Firdaløpet er eit såkalla rebusløp,der deltakarane skal innom diverse poster undervegs på ruta.Denne gongen var postane veldig varierte og greie,men også utfordrande for dei fleste.Kjekke  innslag  som  å tippe vekta på din eigen bil,samt ryggeprøva, var nok  veldig avgjerande når poenga skulle teljast opp til slutt.

Resultatliste topp 10 :

1   Erling Paul Eikemo-Holmedal
2   Else Falkenstein-Naustdal
3   Sonja Fjellkårstad/Oddny Rosenlid-Førde
4   Anne Kristin Solås- Naustdal
5   Bjarte Engedal -   Leirvik
6   Olav Naustdal- Naustdal 
7   Sølve Laugen- Førde
8   Rune Helle -Dale
9   Ole Thomas Erle- Vassenden
10   Remi Andre Gjervik Rygg- Førde

Resten av resultatlista blir lagt ut seinare.

Antrekk:

Beste herre:      Bjarne Øyra
Beste dame:      Bil 18: Maiken Naustdal Solås / Iselin Hårklau Horne
Beste barn :      Bil 6 :  Familien Øyra
Beste heilheits inntrykk:  Bil 38:  Truls Naustdal Solås / Ronny Andre Apneseth  

Vil du sjå bilder frå løpet ? klikk her

FIRDA sin biletserie finn du her: 






 

Invitasjon til Firdaløpet 2011

 

Lørdag 18. juni 2011

 

Det er no duka for det 33. firdaløpet laurdag 18.Juni. Ruta har start i Førde, så til  Bygstad med lunsjstopp der før turen går vidare til Sande og mål i Førde

 

Løpet har start og mål på Biltema i Førde.

 

Undervegs i løpet blir det stopp på postar med oppgåve og utfordringar for store og små, unge og gamle.

 

 Løpet går av stabelen laurdag 18. juni med start kl 11.00, oppstilling 09:30

 

Løpet er for historiske køyretøy eldre enn 30 år, og har egen klasse for bil, motorsykkel og nyttekøyretøy. Vi oppfordrar alle deltagarar til å stille i tidsriktg antrekk då det er premiering for beste antrekk. Det blir også egne oppgåver for born og diplom til dei. Vi startar først alle motorsyklane etter alder, deretter bilane, også dei etter alder, med dei eldste først.

 

Det blir lunsj-stopp på Tønna i Bygstad,

 

Startkontingenten er på kr 250,- for påmelding innan 10.juni. Påmelding etter 10. juni og ved start er startkontingenten kr 300,-.

 

Også i år blir det middag og premieutdeling i Restaurant Hugleik på Rica Sunnfjord Hotell i Førde, vi håpar medlemmane vil vere med denne kvelden og melder seg på ved påmelding av køyretøy!

Buffet er kr 300,- pr. person . Barn under 4 år er gratis. Barn opp til 12 år er kr 80,- pr. person.

 

Overnatting:

 

Førde Pensjonat – tlf 57 82 11 64

Rica Sunnfjord Hotell – Tlf 57 83 40 00

Førde gjestehus og camping – tlf 57 82 65 00

Quality Hotel Førde – tlf 57 82 81 10         

 

 

Vi ynskjer alle velkommen til ei flott oppleving i Sunnfjord!





 

 

 

 

 

 

Medlemsmøte :
onsdag 25.mai    08.05.11

Tid
:  Kl 19.00
Stad: Klubblokala på RESET








Medlemsmøte :
onsdag 11.mai    08.05.11

Tid
:  Kl 19.00
Stad: Klubblokala på KRONBORG








Vårmøstring: Florø

Sjå bilder frå treffet her:

VÅRMØNSTRING FOR AMCAR, VETERANBILAR OG MOTORSYKLAR
Søndag 8.Mai     25 .04.11

Tid
:  Kl 10.00
Stad: Evja-Florø


SVK har fått følgende invitasjon :

Søndag 8.Mai 2011 inviterar Amcar Florø til vårmønstring.Treffet vil finne stad på parkeringa foran Rema 1000 på Evja i Florø sentrum.
Treffdeltakarane stemmer fram den finaste amerikanske bilen,
finaste ”ikkje amerikanske” veteranbilen og den finaste motorsykkelen.Desse vil bli premiert.
Deltakar innkøyring frå kl. 10.00  Publikumsåpent frå kl. 11.00
Etter premiering blir det paradekøyring litt rundt i Florø by,før vi vender snuten mot Førde. Der avsluttar vi treffet,og deltakarar reiser heim kvar til sitt.Det vil bli salg av enkel mat og drikke.Gratis inngang for både publikum og deltakarar.
Håpar at det passar for flest mogleg og ta ein tur til Norges
vestligaste by denne dagen for sosialt hygge!
Helsing
Amcar Florø





Vårmønstring: Førde

Vårmønstringa 2011  30.04.11

Klubben inviterte til "vårslepp"  30.april på Biltema-Førde.

Det var strålande sol og flott temperatur og mange som fant vegen innom frå kl 11 og utover.Vi  talde over 30 bilar og sykklar som stråla om kapp på parkeringsplassen .SVK hadde stand og solgte SVK effektar og kaffi.Best salg hadde nok Biltema på iskrem.......
Seinare vart det ein Cruising tur gjennom Førde sentrum og til slutt svinga ein oppover Lia ,og  vidare til Sande  for matstopp der .Eit titals bilar hang på heile vegen dit.
Firda dukka opp og laga ein flott reportasje til mandagens papirutgåve samt bilder på denne linken:



VÅRMØNSTRING

Vårmønstring :
Lørdag 30.April    16.04.11

Tid
:  Kl 11.00
Stad: BILTEMA

Klubben inviterer til "vårslepp" lørdag 30.april på Biltema-Førde.
Vi  satser på godt ver denne dagen, ettersom vi er veldig ,veldig klare for ein ny "veteran sesong".
Det blir cruising etterpå ,til ein kafe i nærleiken..........

Vi tar forbehold om godt ver. Vi sender ut SMS når det nærmar seg.

Siste nytt

Medlemsmøte :
Lørdag 16.April    08.04.11

Tid
:  Kl 11.00
Stad: Klubblokala på Kronborg

Vi må rydde litt i alle bøker og litteratur etter takraset og flaumen på Reset for 14 dager sida.

Det vert samtidig mulighet for utkøyring av bilar som er lagra på Reiakvam i Naustdal .Dette skjer frå klokka 10-12.Ta kontakt med Smieformann på 95254338 hvis spørsmål.


Siste nytt:

Årsmøte vart gjennomført etter god gamaldags mal sist fredag på Førde Hotell.Eit tjuetals medlemmar møtte fram,og fikk høve til å seie si meining om SVK året som har gått.
Etter at dei faste årsmøtesakene var gjennomgått og godkjende, vart det ein del diskusjon under " ymse " posten til slutt. Det nye styret har nok ein del utfordringar å ta tak i ,med tanke på investeringar på Reset og å få Klubb bilane satt i stand og skilta opp.
Møtet vart avslutta med utdeling av heidersteikn til Magne Rosenlid ,som vart tildelt Æresmedlemskap i klubben.Grunngjevinga var bl.a det store engasjementet han har hatt for Smia og jobben han har gjort som smieformann og andre verv han har hatt gjennom mange år i klubben .Han har og lagt ned mykje arbeid , spesielt Buick`en ,som no er blitt klubb bil. Elles har Magne vore ei god støtte og hjelp for andre medlemmar ,når dei har hatt spørsmål om restaurerings arbeid.
Det vart elles delt ut blomster og SVK krystallvase til Per Lien,som takk for innsatsen gjennom over tjue år med verv som kasserar og revisor i klubben.
Per var ikkje tilstades ,ettersom har var i syden og feira 60 års dag.Vi nyttar høve til å gratulere med vel overstått dag ,Per -frå alle Svk medlemmar-
Til slutt vart avtroppande formann Rune Helgås og GG redaktør Knut Ø Åsen heidra og takka for kjempeflott innsats i deira respektive roller.

Sjå bilder her:


Årsmøte:   

Fredag 18. mars 2011

Tid :    kl 19.00
Stad:   Quality Førde Hotell.

Inkalling og sakliste er anonnsert i Årsheftet Grindaguten .

                           .



Medlemsmøte:
Torsdag 3.mars 26.02.11

Det vert lansering av årets GRINDAGUTEN-Årshefte 2010.

Tid : kl 19.00

Stad :Klubblokala på Kronborg




Medlemsmøte.
Torsdag 3.februar    01.02.11

Tid
:kl 19.30
Stad:Klubblokala på Kronborg






Medlemsmøte
torsdag 16.desember
13.11.10

Tid: kl. 20:00
Stad: Klubblokala på Kronborg

Dette vert siste møtet i år, så møt opp og slå av ein prat.



Garasjebesøk hos Alex Vassbotten 13.11.10

Det vart invitert til garasjebesøk hos Alex Vassbotten i Eikefjord tysdag denne veka.Det var holkeføre og mange minusgrader ute,men det vart fort gløymt når vi ankom garasjen. Inne i bygget var det T skjorte temperatur og det var eit fantastisk utvalg av grombiler han hadde på stallen.Vi var heile 31 medlemma som møtte opp,og Alex fortalde litt historikk om kvar bil han hadde ståande.Han kunne fortelje,med eit lurt smil Wink , at han hadde eit mål om å skaffe seg ein bil frå kvar årsmodell.....så det blir då det vel hundre stykker!!!!!!Han er nok ikkje heilt i mål ,men er godt i gang Very Happy

Etter omvisninga vart vi invitert på kaffi ,kaker og bildeframvisning på storskjerm.Det var bilder frå Hershey ,USA ,der han var i fjor.På dette markedet selges det all verdens skjeldne biler i alle prisklasser.....Etterpå gikk praten høglytt rundt borda,og mange kunne nok tenkt seg ein tur på dette markedet.
Vi takker Alex og kona for invitasjonen og håper vi kan ta turen ut igjen ,allereie til våren kanskje??

Meir tekst og bilder på FORUMET


Medlemsmøte/Garasjebesøk   04.11.10  

SVK inviterar til medlemsmøte/garasjebesøk hjå Alex Vassbotn i Eikefjord.

Tid:
TIRSDAG 9.november kl.19.00
Stad: Hjå Alex Vassbotn, Eikefjord

Alex inviterar på kaffi og vil vise oss bilder, og vi får nok også ein omvisning i garasjen.

Vi oppfordrar medlemmane til å organisere samkøyring, og fyller opp bilane og tenker miljø ! Det er ca 4 mil frå Førde.

Avreise Førde: Frå Biltema kl.18.15
Avreise Naustdal: Frå Best kl.18.30

Reiserute: Sjå kart, klikk link. 

Medlemsmøte/Brannbildugnad   20.10.10  

Tid: TORSDAG 21.10 kl.19.00
Stad: I lokala til Bjarne Kjærland på Reset.

-- Vel møtt -- 


Dugnad og Klubbkveldar   21.09.10
Det vert dugnad på Reset torsdag og fredag frå kl. 18.00 og lørdag frå kl. 11.00 denne veka (v.38). Vi ryddar mest utvendig, men elles rundt på heile bruket.
Ta kontakt med Smieformann eller formann for meir informasjon.
Har du anledning til å hjelpe til, er du hjarteleg velkommen.

Vi startar opp med medlemsmøter i klubblokala på Kronborg i veke 40.
Vi prøver å få til medlemsmøter kvar 14.dag fram til jul.

Første møtet er torsdag 7.oktober kl.19.00



Sandane Grand Prix 2010 17.08.10

Søndag 22.august går det tradisjonsrike veteranbilløpet Sandane Grand Prix av stabelen. Løpete er kjent som ein av det trivligaste løpet å være med på for veteranfolk i fjordfylket, og i år satsar vi på å få nokre bilar frå Storfjorden Veteranvognklubb på Sunnmøre også, om været vert nokolunde lagleg.

Som alltid legg arrangørane, Odd Svendsen og styret av Sandane-dagane, æra si i å lage til eit løp som skal være både interesant og hyggeleg å være med på. Oppmøte vert i Sandane sentrum kl.11.00, løpet starar kl.12.00. Vi legg opp til ei runde langs Gloppefjorden, og i år satsar vi på å gjere litt om på postane, slik at ventetida på postane vert kutta noko ned.

Etter gjennomført løp vert det servering av kaffi og noko å bite i frå det lokale bakeriet, og det vert god tid til å prate med andre som har veteranbil som hobby og interesse.

Sidan Sandane Grand Prix også er ein del av Sandane-dagane, blir det ei rekkje aktivitetar i sentrum denne søndagen.

Vi satsar å sjå flest mogleg på Sandane under Sandane-dagane. Veteranvognløpet garanterer vi blir ei hyggjestund også i år. Alle som deltek får - som alltid - premie.

Les meir om Sandane-dagane.


Med Combicamp på Fjordsteam 09.08.10

Helgas Fjordsteam i Florø vart ein flott oppleving for dei med interesse av eldre køyretøy, der den eine "godbiten" avløyste den andre. "Morris" skriv dette inne på SVK-Forumet etter helgas arrangement :
 - "Det var eit kjempeflott arrangement i Florø i helga. All skryt til Ødelien og compani for denne hærlege blandinga og flotte opplevinga av gamle brannbilar, båtar, veteranbilar og sykklar. Vi var ein gjeng Naustedøler som reiste utover på fredagen og overnatta på Krokane Camping. Det var mange som smilte og humra ,då vi slo opp kombi campen frå 60 tallet - dette hadde dei aldri sett før!
"
Nokre fleire bilder frå "Morris" finn du på
Forumet.

Fleire bilder frå Fjordsteam 2010, finn du også HER.

Har du bilder du vil legge inn i SVK sitt fotogalleri, frå Fjordsteam 2010 eller frå andre arrangement? Kontakt Webansvarleg eller Gunnar Naustdal .



Fjordsteam 2010   31.07.10

Neste helg er det i Florø det skjer: Fjordsteam. Vi håpar at mange finn vegen til Florø laurdag 7/8. Heile 44 veteranskip er påmeldt, desse skal gå ruter i distriktet om morgonen for å hente folk til by`n og Torgdag. Bergen Veteranvognklubb kjem oppover torsdag kveld med 40 bilar, og skal bu på MS Sandnes under heile stemnet. Bergen Brannhistoriske Forening vil være til stades, mellom anna med ein "American La France" 21 modell, og ein "De la Haye" 22 modell. Begge desse skal være med på historisk brannutrykning laurdag mellom 12 - 13. Fremst vil Politiet sin PV køyre. "Gjensidige" bilane kjem også til Florø, og vi forventar fleire veterane bussar som vil gå i rute frå Jens Helmers Plass.

SVK sine medlemmer er invitert til oppstilling i Strandgata saman med Bergen. Strandgata skal være gågate denne dagen, og vi oppmodar derfor om felles oppmøte kl 1000 på Autoforum på Evja for felles innkøyring i Strandgata. Kanskje kunne det vore ein ide med felles køyring utover? Foreslår oppmøte på Biltema, eller kanskje på Øyrane så ein slepp å køyre gjennom sentrum klokka 0845?

Den som ønsker det, kan være med på båtturar i distriktet frå klokka 1500. Fredag er det 7 turar å velge mellom. 

Meir informasjon om Fjordsteam 2010 finn du på
www.fjordsteam.no.


Skjærgardstreff i Askvoll 12.07.10

SVK er invitert til veterankøyretøy paraden på årets Skjærgardstreff i Askvoll.
Dette er førstkommende søndag 18 juli.
Start kl 14.00 frå Askvoll Skule.
Vi satsar på felles avreise frå Førde Kroa. Oppmøte kl 11.00. Avreise 11.30.

Filmsnutt frå Skjærgardsreffet i Askvoll 2008 finn duHER.

( Bildet er henta frå Skjærgarstreff Askvoll 2008 )


Smieposten med ny design 11.07.10

Heimesida "Smieposten" har fornya seg, og vart i dag publisert med ny design. I tillegg har sida fått ny "adresse". Den nye adressa til Smieposten er "smieposten.net".


Firdaløpet 2010 21.06.10

I tru tradisjon vart Firdaløpet arrangert laurdag. 99 veteranbilar i alle fargar og fasongar stilte til start i Førde.

- Men ikkje alle er i slik stand at dei klarte å fullføre løpet som går via Eikefjorden og til Florø, seier formann i Firdaløpet sin arrangørkomite, Erik Olav Hagen.

Han seier 95 av dei startande kom seg til Florø i det fine veret. På vegen hadde dei stopp i Eikefjorden der det var både lunsj aktivitetar.

- Den eldste bilen var ein 1926 Buick medan den yngste var frå 1978, seier Hagen som seier påmeldinga var omtrent like mange som det pleier å vere.

Løpsvinnar: Start nr 19. 1948-Oldsmobile Dynamic 66 Convertible med førar: Knut Øyvind Åsen, Florø.

Beste heilteitsinntrykk:
Start nr 74 med førar: Else Falkenstein, Naustdal.

Bilder og fullstendig resultatliste finn du i menyen under "Firdaløpet".


Nasjonal Motordag 12.juni 09.06.10

I forbindelse med nasjonal motordag 12 juni, vil SVK invitere alle medlemmane til

uformell cruising i Førde sentrum og felles tur til Sanden i Naustdal.

Oppmøte på Førdekroa lørdag 12.juni kl 12.00

- Vel Møtt -


Invitasjon/påmelding til Firdaløpet 2010 19.06.10

Det er no duka for det 32. Firdaløpet laurdag 19.Juni.

Ruta er start i Førde kjørere til Naustdal, over Ramsdalsheia, nedom Eikefjorden og utover til Florø via Krokane.

Undervegs i løpet blir det stopp på postar med oppgåver og utfordringar for store og små, unge og gamle, med lunsjstopp i Eikefjord Allhus.

Løpet går av stabelen laurdag 19. juni med start ved Biltema kl 11.00, oppstilling 09:30

Løpet er for historiske køyretøy eldre enn 30 år, og har egen klasse for bil, motorsykkel og nyttekøyretøy. Vi oppfordrer alle deltagere til å stille i tidsriktg antrekk da det er premiering for beste antrekk samt gratis lunsj.

Det blir også egne oppgåver for born og premie til dei.

Vi startar først alle motorsyklane etter alder, deretter bilane, også dei etter alder, med dei eldste først.

Startkontingenten er på kr 250,- for påmelding innan 9.juni. Påmelding etter 9.juni og ved start er startkontingenten kr 300,-.

Vi drar i gang med festmiddag og permieutdeling i restaurant Hugleik på Rica Sunnfjord Hotell - Førde

Dei siste åra har det vore få som har meldt seg på premieutdelinga, så vi håpar vi kan  få mange påmelde denne kvelden.
Festmiddagen er på kr 300,- pr. person . Barn under 4 år er gratis. Barn 0-12år 80.-

Vi ynskjer alle velkommen til ei flott oppleving i Sunnfjord!


 Omlag 20 bilar deltok på Vårmønstringa 03.05.10

Klubben inviterte til "vårslepp" lørdag 1.mai på Førde Kroa.
Vi hadde satsa på godt vær denne dagen, ettersom det hadde regna heile veka.
Og det slo til: sola strålte, sjølv om temperaturen ikkje var allverden.
Det samla seg etterkvart ca 20 bilar på parkeringsplassen.
Etter eit par kaffikoppar på kroa, var det stemning for ein køyretur.
I mangel på andre gode forslag, vart turen i år, som i fjor, lagt til Vassenden.
Det var ca 15 av bilane tok turen oppover, med  pitstopp på Jølstraholmen.



Godt oppmøte på medlemsmøtet 17.04.10

Det var godt oppmøte lørdag 17. april. Vi var 15-16 stykker som møtte opp i klubb lokala på Kronborg .
Det var ikkje akkurat vårstemning ute,ettersom nysnøen låg heilt i fjæresteinane.
Vi hadde håpa på eit litt meir vårleg ver,ettersom vi er midt i april,og vårmønstringa nærmar seg.
 
Medlemmane kunne bla i månadens post,som består av ganske mange  forskjellige tidsskrifter.
Elles vart det kaffi og praten gikk livleg i lokalet fram til kl 11.30
Vi hadde planlagt eit garasje besøk hos Bjarne Kjærland på Reset,så vi reiste opp ditt heile gjengen.

Bjarne har ståande dei tre brannbilane som klubben har overtatt frå Gjensidige.(Dette stod det litt om i referatet frå årsmøtet)
Det er ein 1931-Buick - ein 1939 Ford 91 T og ein 1963 Studebaker Transtar.V8
Det var flotte og spesielle bilar alle tre.Det er Ford`en som er i best stand av desse,ettersom det har vore lagt ut ca 50.000 kr i arbeid på
den for ca 15 år sidan.Vi håper denne kan komme på hjula etter kvart,og at klubben kan bruke den i diverse arrangement.Dei skal etter planen lagrast på Reiakvam.

Ford`en er den gamle brannbilen i Gloppen-og var i bruk der til midt på 70 talet.
Den vart i 1956 ombygd på Sandane karosserifabrikk for heile kr: 10.500,-.
Buick`en har visst gått i Høyanger,ettersom det står Høyanger Brandvern på sida.Studebaker`en har også gått i Gloppen ,nærare bestemt i Hyen.

Styret håper at medlemmane kan stille opp på dugnad ,når desse bilane skal flyttast.Og er det nokon som klør i fingrane etter å ta til på eit prosjekt,
så har vi heile tre stykk brannbiler  som treng stell av kyndige hender.


NYHEIT !! Få Smieposten på SMS 25.02.10

Smieposten i papirutgåve er no blitt erstatta med ein SMS Varslingsteneste i tilegg til nettsida vår.

 Har du enno ikkje fått Smieposten på mobilen din, send navn og tlf nr til 99341280 og registrer deg i dag !


Norgesløpet - Vossa Rudl`n 2010 fullbooka ! 25.02.10

På grunn av uvanleg stor interesse for Norgesløpet VossaRudl’n 2010 er løpet allerede no, 6 veker før påmeldingsfristen, 4. april, fullteikna (det vil sei 150 påmelde køyretøy).

Me ynskjer at alle køyretøyklassar,  skal vera representert. Av den grunn kan det framleis verta aktuelt å ta inn køyretøy tilhøyrande klasse:

 A, B, MC eller nyttekøyretøy; då det er få påmeldingar i desse klassane.



GRINDAGUTEN er ferdig frå trykkeriet,og  på veg ut til alle medlemmane! 20.02.10
I dag hadde vi "bokslepp" av GrindaGuten i klubblokala på Kronborg.Det var 12 medlemmar innom for å sjekke årets Årshefte. Det er fyrste året at Årshefte blir trykt på eit trykkeri-og resultatet var vi alle godt fornøgde med. Vi pakka alle 150 eksemplarer,og gjorde dei klar for utsending.Det meste blir sendt pr post-men nokon vert køyrt ut av medlemmane-slik sparer vi masse porto pengar!!! Godt jobba folkens
!


Medlemsmøte lørdag 9.januar 09.01.10

Hei folkens- Det var ein heil gjeng på medlemsmøtet i dag.Det vart klart mest kaffi og bilprat - men vi fikk rydda ein del i gamle bilblader o.l - Det er utruleg mykje "fagliteratur" som samlar seg opp i løpet av 30 år!!!! Dette er no arkivert på Kronborg. Det står att litt arbeid med dette-samt litt snikkar arbeid. Så oppfordringa blir: still på neste medlems møtet - Det blir annonsert seinare.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.06 | 09:05
Firdaløpet har mottatt 15
13.11 | 07:04
Framside har mottatt 31
02.10 | 19:24
Kontakt oss har mottatt 2
13.05 | 18:36
Bilder har mottatt 1
Du liker denne siden