Referat frå div møter

Referat frå møter

Her vil du finne referat frå ulike møter vedr. SVK, bl.a. Årsmøter o.l.






Årsmøte referat 2014

Årsmøte den 14. mars 2014

i klubblokala på Kronborg i Førde

 

Møtet vart opna av formann Kurt Hellenes .

Desse møtte:  Rolf Haugland, Bjarne Kjærland, Bjarne Øyra, Rune Helgås, Knut Øyvind Åsen,

Hallstein Årdal, Kjell-Olav Laugerud, Inge Masdal, Steinar Masdal, Ron Sande, Ove Storelid

Ann-Kristin S Vindheim, Kurt Hellenes, Oddvar Aardalsbakke, Magnus Nistad, Bjarte Nordnes,

Børge Einevoll, Håkon Råheim, Per Lien, Reidar Holsen, Kjell Ottar Åsen, Gunnar Naustdal,

Arnfinn Lindstrøm, Magne Kvinge ,Harald Egge, Lars Ove Rosenlid, Jarl Audun Rivedal ,

Olav Naustdal og Pål A Dahl.

Kurt Hellenes vart vald til møteleiar. Gunnar Naustdal til protokollførar ,samt Rune Helgås

og Børge Einevoll vart valde til  å signere møtereferat /protokollen.

 

Årsmelding:

Styret si årsmelding vart opplesen av formann Kurt Hellenes. Han peika på den gode aktiviteten som har vore gjennom året. Aktiviteter  som Sanden Søndag og Firdaløpet, gjer at klubben markerer seg godt utad mot publikum. Dette er viktig for rekrutteringa til klubben. Også på Reset har det vore god aktivitet,og lokala har fortsatt fullt belegg med prosjekt som nærmar seg ferdigstilling. Han avslutta med takke alle som har delteke på dei ulike aktivitetane i året som har gått.

 

Rekneskapet:

Rekneskapet blei gjennomgått av kasserar. Kontingent inntektene har auka betydeleg som følgje av auke i medlemskontigenten. Dette ser ein var naudsynt ,ettersom vi utan dette hadde fått eit betrakteleg dårlegare resultat. Betre prisar på forsikring  gjer at vi no går i pluss på drifta av Smia. Elles hadde Firdaløpet eit heller dårlig resultat grunna store kostnader i forbindelse med matserveringa ved avsluttninga av løpet. Det vart også bemerka at inntekter i klubben og utgiftene på Smia, samsvarte godt med det som budsjettert. Bjarne Kjærland kommenterte at det ikkje stod noko om lagert av sand på Reset i varelagert. Dette vart kjøpt inn for mange år sidan, og er ikkje tatt med som varelager i rekneskapet. Rekneskapen vart vidare  godkjent utan merknader.

 

Budsjett :

Budsjettet for 2014 vart opplese av kasserar. Det er lagt opp til auka kostnader til drifta av klubben. Dette vert for det meste dekka inn med auke av Smieprisar .

Elles er det er kun små endringar på postane og det blir lagt opp til at drifta av klubben skal gå i  ballanse .Budsjettet blei godkjend utan merknader.

 

Medlemskontigent:

Det vart vedteke å halde medlemskontigenten uendra på kr 300,-

 

Smieprisar:

Styret sitt forslag til nye smieprisar vart vedteke. Det  har vore uendra smieprisar sidan 2007.

 

Val:

Formann:                        Kurt Magne Hellenes

Nestform.:                      Jan Egil Haugland

Sekretær:                        Rune Helgås

Kasserer:                        Gunnar Naustdal

Smieform.:                      Bjarte Nordnes

1.Varam.:                        Ann-Kristin S Vindheim

2.Varam.:                        Jarl Audun Rivedal

Revisor:                          Bjarne Kjærland

Redaktør GG:                   Knut Øyvind Åsen

Ansvar

Smieposten/Nettside:         Styret

Løpskomite 2015/Valnemnd:Kjell Åsen,Kåre Høgseth,Osmund Hjelle,Lars Ove Rosenlid ,Steinar Masdal                        

 

 

Forsikringskomite:             Olav Naustdal.

 

 

 

 

Ymse:

 

Det vart drøfta det faktum att klubben no etter kvart er eigara av heile fem bilar.

Det kom fram forslag  om at ein måtte høyre med Øyrane VgS ,om dei hadde høve til å restaurere Toyota`en. Den har jo historie der ifrå, så kanskje det kunne vere aktuelt. Den er i ganske dårlig stand, så noko må gjerast. Alternativet  er om den skulle lysast ut for sal.

Kjell Åsen fortalde  at historielaget i Høyanger er svært interessert i Buick`en. Det kom fram at vi kunne vere positive til sal, men det er usikkerheit om marknadsprisen for denne bilen.

Bjarne Kjærland fortalde litt om historia til Studebaker`en  frå Gloppen og oppfordra medlemmar til å delta på dugnad for å ”shine opp” denne bilen -der den står lagra på Reiakvam.

Han kom òg med eit forslag om at det burde vore laga ein eigen perm /logg for kvar bil.

Pål Dahl meinte det måtte være anledning til å melde seg på grupper ,der dei forskjellige gruppene hadde ansvar for kvar sin bil. Målet er at bilane vert brukte og at alle bilane kunne stille på Firdaløpet.

Så orienterte Jarl Audun Rivedal oss om Skjærgardstreffet i Askvoll. Starten  vert i år tidligare på dagen, så viktig at ein var merksame på det. Som alltid har Jarl Audun bestilt fint vèr til denne dagen.

 

Til slutt vart det utdelt ein spesiell pris: Æresmedlem skap til Bjarne Øyra.

Bjarne har hatt ymse verv i klubben .Som nestformann i mange år på -80 talet og seinare redaktør av Grindaguten i ei år rekkje. I alle desse åra har han  også hatt  fullkontroll på medlems matrikkelen og Firdaløps deltakara. Bjarne har gjort eit kjemparbeid  for SVK, og formannen takka han for innsatsen og nytta samtidig høve til å gratulere han med 70 årsdagen.

 

Alle deltakarane vart invitert til ein matbit på Peppes etter møtet`s slutt.



 Møtet slutt 20.30

 

 

 

 

 

 

 

___________________                                 ____________________

Børge Einevoll                                                 Rune Helgås

             -sign-                                                                 -sign-

 



Ekstra ord .Årsmøte 2013

Ekstraord. Årsmøte den 23. oktober 2013

i klubblokala på Kronborg i Førde

 

Møtet vart opna av formann Kurt Hellenes .

Desse møtte:  Bjarne Kjærland, Kurt Hellenes, Lars Hommedal , Arild Åsen, Magnus Nistad,         Bjarte Nordnes, Bjarne Horsevik, Per Lien, Reidar Holsen, Gunnar Naustdal, Magne Kvinge ,

Harald Egge, Olav Naustdal og Ron Sande.

Kurt Hellenes vart vald til møteleiar. Gunnar Naustdal til protokollførar .

Arild Åsen og Bjarne Kjærland vart valde til  å signere møtereferat /protokollen.

 

Sak: Overtaking av S-1014 Chrysler 1926-frå Bjarne Huus m.fam

 

Formann informerte om avtalen mellom familien Huus og SVK. Det blei også informert om bilens historie i Førde. Bilen vert overtatt vederlagsfritt, men med fleire vilkår som klubben må overhalde.

Bilen har lang lokal historie og difor er det viktig at bilen vert brukt i lokalsamfunnet ,samt på

løpsarrangement som Firdaløpet  osv.

Klubben kan ha inntekter på bilen ,som for eksempel til bryllupskøyring. Elles kan den vere ein god muligheit for profilering av klubben ,meinte formannen.

Reidar Holsen meinte att dette var ei stor og viktig hending. Han refererte til at Magne Rosenlid    hadde brukt mykje tid på restaureringsarbeidet som var ferdig i 1984.

Eit samla årsmøte gav dermed styret fullmakt til å skrive under avtalen med familien Huus.

 

Møtet slutt 20.00

 

Etter ekstraord. Årsmøte vart det halde vanlig medlemsmøte .

 

 

 

 

 

 

 

 

 

______________________             ______________________

Bjarne Kjærland                                Arild Åsen

               -sign-                                             -sign-

 

 

 


Årsmøte 2013

Årsmøte den 15. mars 2013

i klubblokala på Kronborg i Førde

 

Møtet vart opna av formann Kurt Hellenes .

Desse møtte:  Jarl Audun Rivedal, Bjarne Kjærland, Arne Helland, Rune Helgås, Knut Øyvind Åsen,

Ann-Kristin S Vindheim, Kurt Hellenes, Lars Hommedal , Arild Åsen, Magnus Nistad, Bjarte Nordnes,

Bjarne Horsevik, Per Lien, Reidar Holsen, Kjell Ottar Åsen, Gunnar Naustdal, Arnfinn Lindstrøm,

Rolf Haugland, Magne Kvinge ,Harald Egge, Osmund Hjelle, Lars Ove Rosenlid, Kåre Høgseth,        Olav Naustdal og Pål A Dahl.

Kurt Hellenes vart vald til møteleiar. Gunnar Naustdal til protokollførar og Kjell Åsen og Magne Kvinge vart valde til  å signere møtereferat /protokollen.

 

Årsmelding:

Styret si årsmelding vart opplesen av formann Kurt Hellenes. Han peika på den gode aktiviteten som har vore gjennom året. Aktiviteter  som Vårmønstringa og Firdaløpet, gjer at klubben markerer seg godt utad mot publikum. Dette er viktig for rekrutteringa til klubben. Også på Reset har det vore god aktivitet,og lokala har fortsatt fullt belegg med prosjekt som nærmar seg ferdigstilling. Han avslutta med takke alle som har delteke på dei ulike aktivitetane i året som har gått.

 

Rekneskapet:

Rekneskapet blei gjennomgått av kasserar. Inntektene på drift av klubben og drift av smia var om lag som året før. Leigeinntekter på Reiakvam er ein del redusert, ettersom SVK har fire bilar lagra der.

Dette utgjer om lag underskuddet på drifta av Smia. Elles hadde Firdaløpet eit godt resultat grunna god deltaking ,samt  god  sponsor støtte. Det vart også bemerka at inntekter i klubben og utgiftene på Smia, samsvarte godt med det som budsjettert. Per Lien kommenterte att vi burde avgjere  kva som skal gjerast med kapitalen som står på konto i forbindelse med Stiftelsen  for museumsbygg.       Styret må ta tak i dette med tanke på å få overført kapitalen til SVK.

Rekneskapen vart vidare  godkjent utan merknader.

 

Budsjett :

Budsjettet for 2013 vart opplese av kasserar. Det er lagt opp til auka kostnader til drifta av klubben. Dette vert for det meste kompansert med auke av medlems kontigenten.

Elles er det er kun små endringar på postane og det blir lagt opp til at drifta av klubben skal gå i  ballanse .Budsjettet blei godkjend utan merknader.

 

Medlemskontigent:

Det vart vedteke å auke medlemskontigenten til kr 300,- Kontigenten har vore uendra sidan 2005.

Begrunnelsen for auken er at styret ser føre seg auka utgifter ,mellom anna til bilhald.

 

Smieprisar:

Styret sitt forslag til uendra smieprisar vart vedteke.

 

Val:

Formann:                        Kurt Magne Hellenes

Nestform.:                      Jan Egil Haugland

Sekretær:                        Gunnar Naustdal

Kasserer:                        Ann- Kristin S Vindheim

Smieform.:                      Bjarte Nordnes

1.Varam.:                        Arnfinn Lindstrøm

2.Varam.:                        Jarl Audun Rivedal

Revisor:                          Rune Helgås

Redaktør GG:                   Knut Øyvind Åsen

Ansvar

Smieposten/Nettside:         Styret

Løpskomite 2014/Valnemnd:Bjarne Horsevik, Rune Helgås,Kjell Åsen,Kåre Høgseth,Osmund Hjelle

 

Forsikringskomite:             Olav Naustdal,  Vara: Nils Olav Kongsvik.

 

 

 

 

Ymse:

 

Det blei etterlyst blåturar og fellesturar der ein besøker andre klubbar i fylket. Dette blir eit mål å få til framover. Det vart også kommentert at vi må vere på jakt etter nye verkstad lokaler, og det vart nevnt aktuelle stadar som på Moskog og Jølster. Styret tar dette med vidare i sitt arbeid.

I pausen var det enkel servering :pizza med noko drikke til. Det blei elles vist bilder frå arkivet vårt, som ligger på nettsida .

Etter pausen orienterte Jarl Audun Rivedal oss om Skjærgardstreffet i Askvoll. Veterankøyretøy paraden blir på laurdagen og arrangementet etter same lest som før.

 

Til slutt vart det utdelt ein spesiell pris: Æresmedlem skap til Arne Helland.

Arne har medlemsnummer 1 og var ein av grunnleggjarane av klubben i 1978.Han var formann i klubben frå starten og fram til 1985.Seinare var han redaktør i Smieposten og ein pådrivar i Grindaguten arbeidet. Arne har gjort eit kjemparbeid  for SVK, og formannen takka han for innsatsen.

 

 



 Møtet slutt 21.15

 

 

 

       ______________                         ________________
         Kåre Høgseth                                      Kjell Åsen
                -sign-                                               -sign-

 

 


Årsmøte 2012

Årsmøte den 16. mars 2012

i klubblokala på Kronborg i Førde

 

Møtet vart opna av formann Kurt Hellenes .

Desse møtte:  Jarl Audun Rivedal, Bjarne Kjærland, Stig Breidvik, Rune Helgås, Knut Øyvind Åsen,

Ann-Kristin S Vindheim, Kurt Hellenes, Lars Hommedal , Arild Åsen, Magnus Nistad, Bjarte Nordnes,

Bjarne Horsevik, Per Lien, Håkon Råheim, Ove Storelid, Jarle Lien, Reidar Holsen,Olav Naustdal,

Inge Masdal, Kjell Ottar Åsen, Steinar Masdal, Rolf Rødahl, Gunnar Naustdal, Arnfinn Lindstrøm,

Rolf Haugland, Magne Kvinge ,Jostein Oma, Ståle Solheim, Jean Pierre Rolly og Monique De Vuyssere.

Kurt Hellenes vart vald til møteleiar. Gunnar Naustdal til protokollførar og Reidar Holsen og Rune Helgås vart valde til  å signere møtereferat /protokollen.

 

Årsmelding:

Styret si årsmelding vart opplesen av formann Kurt Hellenes. Han peika på den gode aktiviteten som har vore gjennom året. At antall medlemsmøter er tosifra og at mange bruker nettsida til å holde seg oppdatert ,er veldig kjekt å registrere. Aktiviteter som Vårmønstringa og Firdaløpet, gjer at klubben markerer seg godt utad mot publikum. Dette er viktig for rekruteringa til klubben. Også på Reset har det vore god aktivitet,og lokala har fortsatt fullt belegg med prosjekt som nærmar seg ferdigstilling. Elles minna formannen medlemmane på at rabattavtalane vi har med fleire firma, er viktige å bruke. Dette fordi avtalar som ikkje vert brukte ,kunne bli sletta. Det vert også jobba med å få avtale med Würth. Han avslutta med takke alle som har delteke på dei ulike aktivitetane i året som har gått.

 

Rekneskapet:

Rekneskapet blei gjennomgått av kasserar. Inntektene på drift av klubben og drift av smia var om lag som året før. Ettersom vi dei siste åra har heva kvaliteten på GrindaGuten, så har kostnadane auka betrakteleg. Men no meiner styret at Årsheftet har den standarden det bør ha, sjølv om det kostar noko meir. Elles hadde Firdaløpet eit redusert resultat grunna at det ikkje vart halde løpsfest , samt  at sponsor beløpet var redusert. Dette var naturlig ettersom det var ekstraordinert året før. Det vart også bemerka at inntekter i klubben og utgiftene på Smia, samsvarte godt med det som budsjettert.

Rekneskapen vart vidare  godkjent utan merknader.

 

Budsjett :

Budsjettet for 2012 vart opplese av kasserar. Det er lagt opp til same budsjett som 2011.

Det er kun små endringar på postane og det blir lagt opp til at drifta av klubben skal gå i  ballanse .

Budsjettet blei godkjend utan merknader.

 

Medlemskontigent:

Det var vedteke å halde medlemskontigenten uendra på kr 250,-

 

Smieprisar:

Styret sitt forslag til uendra smieprisar vart vedteke.

 

Val:

Formann:                        Kurt Magne Hellenes

Nestform.:                      Bjarte Nordnes

Sekretær:                        Gunnar Naustdal

Kasserer:                        Ann- Kristin S Vindheim

Smieform.:                      Jan Egil Haugland

1.Varam.:                        Arnfinn Lindstrøm

2.Varam.:                        Jarl Audun Rivedal

Revisor:                          Rune Helgås

Redaktør GG:                   Knut Øyvind Åsen

Ansvar

Smieposten/Nettside:         Styret

Løpskomite 2013/Valnemnd:Magne Kvinge, Rune Helgås, Arnfinn Lindstrøm,

 Bjarne Horsevik, Inge Masdsal

Forsikringskomite:             Olav Naustdal,  Vara: Nils Olav Kongsvik.

 

 

 

 

Ymse:

 

Det vart informert litt om  Firdaløpet og muligheitene til å samarbeide med Alvis International Tour of Scandinavia ,som Alex Vassbotten arrangerer om lag samtidig. Det kom også innspel på at det var på tide å tenke litt nytt når det gjalt å arrangere kommande Firdaløp . Medlemmane vart oppfordra til å komme med innspel på nye idear til Firdaløpskomitêen.

Det vart også stilt spørsmål om lagringslokala på Reiakvam. Der har det vore taklekasjar , så dermed er det komt meldingar om at lokala er for dårlege for lagring. Det vart også nevnt at det var muligheiter for å leige lokaler på Jølster. Dette må styret jobbe vidare med .

Bjarne Kjærland skulle ta kontakt med tidligare eigar av Ford`en ,med tanke på registrering av den. Der manglar nokre papirer ,for at det skulle gå i orden.

Jarl Audun Rivedal avslutta med å orientere oss om Skjærgardstreffet i Askvoll. Veterankøyretøy paraden blir flytta til lørdagen, men elles blir arrangementet etter same lest som før.

Etter årsmøtesakene  vart møtet avslutta med mat :pizza med noko drikke til.

Til slutt tok Kjell Ottar Åsen oss med på ei reise gjennom bildearkivet vårt, med mange bilder frå klubbens tidlige historie. Han har scanna mange bilder frå den tida og lagt dei ut på heimesida til SVK.

Dette var eit veldig artig gjensyn og ein perfekt avslutning på ein hyggeleg kveld.



 Møtet slutt 23.00

 

 

 

 

 

 

 

___________________________                                 ______________________________

Rune Helgås                                                             Reidar Holsen

              -sign-                                                                             -sign-



Årsmøte 2011

Årsmøte den 18. mars 2011

på Quality Førde Hotell

 

 

Møtet vart opna av formann Rune Helgås .

Desse møtte:  Rune Helgås, Jarl Audun Rivedal, Bjarne Kjærland, Steinar Lindstrøm

Ann-Kristin S Vindheim, Kurt Hellenes, Sølve Laugen, Arild Åsen, Magnus Nistad, Bjarte Nordnes,

Bjarne Horsevik, Håkon Råheim, Erik Olav Hagen, Knut Øyvind Åsen, Lars Ove Rosenlid,                Magne Rosenlid, Pål A Dahl, Gunnar Naustdal, Stine S Sunde, Arnfinn Lindstrøm, Rolf Haugland,   Magne Kvinge og Jan Egil Haugland. Rune Helgås vart vald til møteleiar. Gunnar Naustdal til protokollførar og Bjarte Nordnes og Pål A Dahl vart valde til  å signere møtereferat /protokollen.

 

Årsmelding:

Styret si årsmelding vart opplesen av formann Rune Helgås. Han peika på dei to største nyhenda          av året : klubbens nye møtelokale på Kronborg og  den nye nettsida . Dette gjer at klubben no blir meir tilgjengeleg  for medlemmane , og at vi no har  eit betre tilbod for møteaktivitet også på vinterhalvåret. Nettsida fungerer som ein informasjons kanal ut til medlemmane og andre som er innom på nettet. Det har også i år vore god oppsluttning frå medlemane på alle arrangementa, og då spesielt Fjordsteam i Florø ,som vert eit kjekt minne for mange medlemar. Dei som oppheld seg på Smia, er nok også veldig glade for at det endeleg blei montert varmepumpe der i haust. Tilbakemeldingane frå dei som bruker restaureringslokala er veldig gode så langt. Han avslutta med takke alle som har delteke på dei ulike aktivitetane i året som har gått.

 

Rekneskapet:

Rekneskapet blei gjennomgått av kasserar. Inntektene på drift av klubben og drift av smia var om lag som fjoråret. Utgiftene auka ein del ettersom vi no brukar ein del meir pengar på årsheftet ”GG”  og har heva kvaliteten betrakteleg. Elles hadde Firdaløpet eit veldig godt resultat, først og fremst pga godt arbeid med å skaffe mange sponsorar. Rekneskapen vart vidare  godkjent utan merknader.

 

Budsjett :

Budsjettet for 2011 vart opplese av kasserar. Det blir lagt opp til at drifta av klubben skal gå i  ballanse .Ettersom klubben no har fire veteran køyretøy ,må vi rekne med ein del utgifter i år. Dette gjer at det ikkje er lagt inn noko overskot for drifta av Smia. Budsjettet blei godkjend utan merknader.

 

Medlemskontigent:

Det var vedteke å halde medlemskontigenten uendra på kr 250,-

 

Smieprisar:

Styret sitt forslag til smieprisar vart vedteke.

 

Val:

Formann:                        Kurt Magne Hellenes

Nestform.:                      Bjarte Nordnes

Sekretær:                        Gunnar Naustdal

Kasserer:                        Ann- Kristin S Vindheim

Smieform.:                      Jan Egil Haugland

1.Varam.:                        Arnfinn Lindstrøm

2.Varam.:                        Jarl Audun Rivedal

Revisor:                          Bjarne Kjærland

Redaktør GG:                   Knut Øyvind Åsen

Ansvar

Smieposten/Nettside:         Styret

Løpskomite 2012/

Valnemnd:                       Arne Fauske, Magne Kvinge, Bjørn Sandsmark,

                                     Arnfinn Lindstrøm, Rolf Haugland, Inge Masdal

Forsikringskomite:             Olav Naustdal,  Vara: Nils Olav Kongsvik.

 

 

 

 

Ymse:

Rune Helgås orienterte om ein forespørsel frå svk medlem Rolf Rødahl ,om å få kjøpe tilbake

den gamle brannbilen til Høyager Brannværn. Bilen som er ein -31 Buick, er ein av dei vi overtok

frå Gjensidige i fjor. Fleire av medlemmane uttala seg, og meinte at det beste var om vi kunne setje den i stand sjølv. Ettersom vi nett har overtatt bilane sjølve, meinte årsmøtet att det ikkje var rett å selje dei ut av klubben. Styret fikk i oppdrag å gå i dialog med Rødahl, og samtale nærmare om ei løysing, som ikkje inneber sal, men andre typar samarbeid.

Dei andre bilane :-39 Ford og -57 Studebaker er bilar som er køyrbare. Det vart sagt at er håp om å få registrert  Forden til Firdaløpet. Den andre får stå på vent ei stund. Ved eventuelt sal av Studebaker`n ,må det skrivast kontrakter, der vi har forkjøpsrett ved eventuelt videre salg.

Vidare blei det informert om at klubben har overtatt ein -75 Toyota Hiace frå Yrkeskulen i Førde.

Bilen vart gitt som gåve,med håp om at klubben ville ta vare på den for framtida.

Det kom forslag om at det burde verte laga ein komite for kvar bil, og Styret fikk fullmakt til å organisere dette.

Bjarne Kjærland informerte litt om forsikring av bilane, og at dette skulle ordnast snarast.

Planen er at alle bilane skal lagrast i våre lokaler på Reiakvam i Naustdal.

 

Pål A Dahl fremma så ei sak, der han bad årsmøtet ta stilling til innkjøp av eit nytt blåseapparat.

Dette  anlegget for båsing av bakepulver/soda er eit alternativ til sandblåsing. Pris på  komplett anlegget var ca 40.000,-pluss eventuelt ny rubbhall eller liknande som skal huse dette .

Årsmøtet drøfta dette, og det kom innspel på at ein burde kartleggje behovet blant medlemmane,før ein kunne gjere ei slik investering. Ellers vart det etterlyst ein plan for kva som burde prioriterast på Smia. Fleire meinte att vi først burde ruste opp dei lokala vi har, før vi investerte i nytt. Årsmøtet fikk fullmakt til å lage ein plan for framtidig opprusting og prioriteringar på smia.

Styret vart oppfordra til å utarbeide konkrete planar ,som ein då kunne legge fram på neste årsmøte.

Då er det viktig at alle medlemmar blir informerte skrifteleg på førehand. Det same gjeller hvis nokon av bilane skal seljast i framtida. Då må dette være eigne saker på Årsmøtet.

 

Det vart informert litt om Vårmønstringa, Firdaløpet og Skjærgardstreffet i Askvoll. Ikkje alle detaljer er kjende pr dags dato, men likevel greitt med info om desse treffa som er blitt ein tradisjon i klubben.

 

Møtet vart avslutta med utdeling av heidersteikn til Magne Rosenlid ,som vart tildelt Æresmedlemskap i klubben. Grunngjevinga var bl.a det store engasjementet han har hatt for Smia og jobben han har gjort som smieformann og andre verv han har hatt gjennom mange år i klubben.Det vart elles delt ut blomster og SVK krystallvase til Per Lien,som takk for insatsen gjennom over tjue år med verv som kasserar og revisor i klubben.Til slutt vart avtroppande formann Rune Helgås og GG redaktør Knut Ø Åsen heidra og takka for kjempeflott innsats i deira respektive roller.

 
Møtet slutt 22.00

 

 

 

 

 

 

Årsmøte den 5. mars 2010

på Quality Førde Hotell

 

 

Møtet vart opna av formann Rune Helgås .

Desse møtte:  Rune Helgås, Jarl Audun Rivedal, Bjarne Kjærland, Svein Strømmen, Steinar Masdal,            Inge Masdal, Ann-Kristin S Vindheim, Kurt Hellenes, Sølve Laugen, Arild Åsen, Magnus Nistad,     Bjarte Nordnes, Olav Naustdal, Bjarne Horsevik, Kjell Åsen, Per Lien, Gunnar Naustdal,                  Stine S Sunde, Kåre Høgseth, Arnfinn Lindstrøm, Rolf Haugland, Ove Storelid ,Magne Kvinge  og      Jan Egil Haugland. Rune Helgås vart vald til møteleiar. Gunnar Naustdal til protokollførar,              Olav Naustdal og Kurt Hellenes vart valde til  å signere møtereferat /protokollen.

 

Årsmelding:

Styret si årsmelding vart opplesen av formann Rune Helgås. Han konkluderte med at det har vore eit år på det jamne ,og ikkje dei heilt store nyheitene i 2009.Det har vore god oppsluttning frå medlemmane på alle arrangementa,  og då spesielt Firdaløpet. Han avslutta med at som dei fleste har fått med seg, så er det ting er på gang, og fleire nyhende er allereie tatt i bruk .Mellom anna ei  god  varslingstjenste, slik at alle medlemmar som ynskjer det ,får meldingar og nyheiter på SMS.

 

Rekneskapet:

Rekneskapet blei gjennomgått av kasserar. Straumutgiftene er fortsatt høge, slik at innkjøp av varmepumpe  er ikkje mindre aktuelt enn før. Styret har fått i hende to tilbod på montering av varmepumpe. Styret  har tidlegare fått fullmakt til å gjere investeringa, og vil ta dette opp på nytt ved neste styre møte. Bjarne Kjærland meinte at bruk av propan ovn måtte være eit alternativ til den vifte ovnen ein nyttar i dag.Smieformann Jan Egil Haugland forklarte at vifte ovnen står på termostat og vifte funksjon, og  vil derfor aldri stå på fullt. Elles vart det oppfordra til å melde seg inn i Grasrotandelen, ettersom  det berre er 6 spelara innmeldt pr i dag .Her har vi eit stort potensiale. Rekneskapen vart vidare  godkjent utan merknader.

 

Budsjett :

Budsjettet for 2010 vart opplese av kasserar. Det blir lagt opp til at drifta av klubben skal gå i  ballanse , medan utleigelokala i Naustdal sikrar eit lite overskot  for drifta av Smia.

Budsjettet blei godkjend utan merknader.

 

Medlemskontigent:

Det var vedteke å halde medlemskontigenten uendra på kr 250,-

 

Smieprisar:

Styret sitt forslag til smieprisar vart vedteke.

 

Val:

Formann:                        Rune Helgås

Nestform.:                      Kurt Magne Hellenes

Sekretær:                        Gunnar Naustdal

Kasserer:                        Ann- Kristin S Vindheim

Smieform.:                      Jan Egil Haugland

1.Varam.:                        Bjarte Nordnes

2.Varam.:                        Arild Åsen

Revisor:                          Per Lien

Redaktør GG:                   Knut Øyvind Åsen og Kurt Magne Hellenes

Ansvar

Smieposten/Nettside:         Styret

Løpskomite 2011/

Valnemnd:                       Bjarte Nordnes, Erik Olav Hagen, Stine Solheimsnes Sunde,

                                     Arnfinn Lindstrøm, Rolf Haugland.

Forsikringskomite:             Olav Naustdal, Jens Tyssedal. Vara: Nils Olav Kongsvik.

Ymse:

Bjarne Kjærland  informert om eit tilbod som han har fått oversendt frå Gjensidige forsikring.

SVK får her  tilbod om å overta tre veteran brannbilar vederlagsfritt, mot å ta vare på disse i framtida. Formann Rune Helgås  refererte til vår formåls paragraf, og meinte at det var akkurat dette som er vår oppgåve: Nemleg å ta vare på slike bilar for ettertida. Desse bilane er i varierande stand,  men fullt muleg å få kjøyrbare .Årsmøtet vedtok å ta i mot den rause gåva, og vil lagre bilane på lokala i Naustdal. Bjarte Nordnes kom med forslag om å setje ned ein komite som skal ha hovudansvaret for desse køyretøya. Styret tar tak i dette på neste styremøte. 

Jarl Audun Rivedal inviterte til nytt Skjærgarstreff i Askvoll 16-18  juli .Han takka for støtta frå SVK og håpa at mange ville ta turen ut på søndagen då veteranbilparaden går. Han informerte også om ei teaterframsyning 8 august. Der er dei på jakt etter ei amerikansk -50 talls drosje som kunne være med i framsyninga. Bjarte Nordnes informert  litt om planane for Firdaløpet som skal gå Førde/Florø den 19 juni.Der er fortsatt ting som må avklarast ,før invitasjonane blir utsende i mars/april.

Vårmøstringa  2010 blir truleg 24. april på Biltema. Vi prøver å gjenta suksessen frå sist år.

 

Til slutt vart det informert om den nye nettsida, og status der. Årsmøtet fikk sjå nettsida, og det vart tatt ein full gjennomgang av alle moglegheitane ein finn der. Alt frå nettalbum til Forum .Alle vart oppfordra til å ta Forumet i bruk, ettersom det berre er 10 registrerte brukara pr i dag.

Styret oppforda medlemmane til å bruke nettsida aktivt  og bidra med stoff/bilder som kan leggast ut.

Møtet slutt 21.45

 

 

          Olav Naustdal                                                         Kurt Magne Hellenes

             -sign-                                                                             

Årsmøte 2009

Årsmøte den 7. mars 2009

på Quality Førde Hotell

 

 

Møtet vart opna av nestformann Rune Helgås ,i å med at formannen måtte melde frafall.

Desse møtte:  Rune Helgås, Jarl Audun Rivedal, Bjarne Kjærland, Nikolai Øvrebø, Steinar Masdal,            Oddvar Aardalsbakke, Ann-Kristin S Vindheim, Kurt Hellenes, Per Arve Steen, Arild Åsen, Magnus Nistad, Bjarte Nordnes, Olav Naustdal, Bjarne Horsevik, Harald Egge, Håkon Råheim, Gunnar Naustdal,   og Jan Egil Haugland. Rune Helgås vart vald til møteleiar.Gunnar Naustdal til protokollførar, Jan Egil Haugland og Bjarte Nordnes vart valde til  å signere møtereferat/protokollen.

 

Årsmelding:

Styret si årsberetning vart gjennomgått av formann. I den forbindelse meinte Bjarne Kjærland  at det måtte være mogeleg å gjere meir dugnad på Reset, hvis det var behov for det. Han påpeika  det ikkje hadde vore innkalla til dugnadskveldar, samt han meinte også at vi måtte forsetje med Smieposten som rundskriv, og ikkje berre satse på SMS, slik som praksis har vore i det siste.

 

Rekneskapet:

Rekneskapet blei opplesen av kasserar. Straumutgiftene er fortsatt høge, slik at innkjøp av varmepumpe fortsatt er aktuelt. Arild Åsen kom med opplysningar om at det ikkje er noko problem med varmepumpe på verkstad, hvis ein er påpasselege med filter rensing. Styret jobbar vidare med denne saka.Rekneskapen vart elles godkjent utan merknader.

 

Budsjett :

Budsjettet for 2009 vart gjennogått av formann, medan kasserer forklarte at pga gode leigeinntekter  på lagerlokale i Naustdal, så kjem vi til å få eit bra overskot på Smia.

Budsjettet blei godkjend utan merknader.

 

Medlemskontigent:

Det var vedteke å halde medlemskontigenten uendra på kr 250,-

 

Smieprisar:

Styret sitt forslag til smieprisar vart vedteke.På grunn av stor pågang er no leiga på lagerplass i Naustdal no diffrensiert for medlemmer/ikkje medlemmar. Alle vil få tilbud om å bli medlemmar i SVK.

 

Val:

Formann:                        Rune Helgås

Nestform.:                      Kurt Magne Hellenes

Sekretær:                        Gunnar Naustdal

Kasserer:                        Ann- Kristin S Vindheim

Smieform.:                      Jan Egil Haugland

1.Varam.:                        Arild Åsen

2.Varam.:                        Norodd Smådal

Revisor:                          Per Lien

Redaktør GG:                   Knut Øyvind Åsen og Kurt Magne Hellenes

Ansvar

Smieposten/Nettside:         Styret

Løpskomite 2010/

Valnemnd:                       Bjarte Nordnes, Erik Olav Hagen, Stine Solheimsnes Sunde,

                                     Lars Ove Rosenlid, Bjarte Falkenstein.

Forsikringskomite:             Olav Naustdal, Jens Tyssedal.Vara: Nils Olav Kongsvik.

 

 

 

 

Vedtekter:

Punkt 3.                 Her blir ” og utleigelokaler ” ført til i første setninga.

Punkt 4.                   Setninga med at hvis ”ein ikkje betalar innan 1.kvartal, vert en stroken som medlem ”    - fjernes pga at det ikkje vert praktisert  slik.

Punkt 5.                 Ordinært årsmøte skal haldast innen utgangen av mars mnd.

 

 

 

Ymse:

Det vart informert om arbeidet med nettsida, og status der. Årsmøtet fikk sjå ein demo av nettsida, og ein håper at den kjem i gong snarast. Målet er at den skal være klar til vårmønstringa 25 april.

Jan Egil Haugland presanterte dei nye klubb effektane som er kjøpte inn for sesongen; T-skjorte, vimpel, krus og klistremerker utvendig/innvendig. Dette blir solgt under arr. fremover , for eks. på  vårsleppet og Firdaløpet. Ta kontakt med sekretær hvis ein ynskjer å sjå/kjøpe effektane.

Jarl Audun Rivedal inviterte til nytt skjærgarstreff i Askvoll 17-19  juli .Det vart også informert om Firdaløpet som skal gå til  Naustdal/Eikefjord den 20 juni.

 

 

 

___________________________                                 ______________________________

Jan Egil Haugland                                                     Bjarte Nordnes

             -sign-                                                                              -sign-

 

 

Frå Firda 3. juni 2008

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

04.06 | 09:05
Firdaløpet har mottatt 15
13.11 | 07:04
Framside har mottatt 31
02.10 | 19:24
Kontakt oss har mottatt 2
13.05 | 18:36
Bilder har mottatt 1
Du liker denne siden